Mannen som har besøkt alle verdas land kjem til Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

a2f4b5bd5f12561d2f92c350641a0120

41-åringen, som no jobbar med digitalradio i NRK, er ein av få personar som har vitja kvart einaste av dei 198 landa i verda. Han vil snakke om sin iver for å reise og dele sine erfaringar om å vere i utlandet. Føredraget startar klokka 12:00 i BK 161 (store aud).

Denne dagen blir det også eit levande program spekka med musikk, fargerike stands og gratis internasjonal mat i Berte Kanutte. Internasjonal dag arrangerast kvart år for å synleggjere internasjonalisering ved høgskulen, informere om utveksling og styrke partnarskap med universitet i heile verda. 

92b6e8d0b48193defc2005b8ccadf287

Det blir også ein studentkonkurranse og STiV vil dele ut sin internasjonaliseringspris til den studentorganisasjonen som har gjort mest for å integrere lokale og internasjonale studentar.

Utvekslingsmessa, der vi vil få besøk frå partnaruniversitet frå heile verda, vil halde til i området rundt kantina. Desse messene vil vere mogeleg å stikke innom for ein hyggjeleg prat i løpet av heile Internasjonal dag.

Dagen vert offisielt opna av høgskulekoret klokka 11:15.

Sjå våre nettsider og Facebook-hending for Internasjonal dag 2017 for meir informasjon.

Del på