Lunsjseminar ved lærarutdanningane
Vårens første lunsjseminar finn stad kommande torsdag, og har tittelen: "Vilkår for god lærarutdanning".
Denne gongen får vi besøk av Elaine Munthe som er professor i pedagogikk, med studiar av lærarutdanning som eit spesialfelt. Ho har leia følgegruppa for grunnskulelærarreforma og til dagleg er Munthe dekan ved Det humanistiske fakultet, ved Universitetet i Stavanger. Munthe er òg leiar for styret til det nye programmet for utdanningsforskning i Norges forskningsråd.
Ho vil innleie seminaret, og rektor Per Halse vil gje ein kommentar. Debatten vert leia av Lars Inge Terum.
Dette vert eit interessant innspel i diskusjonen rundt organisering av lærarutdanningane, og vi ønskjer alle velkomen til eit spennande seminar.
Torsdag 20. februar 2014
Kl. 13.30–15.00
Rom: BK 159