Lektor i manus-finale
Norsk teaterråd lyste ut manuskonkurransen tidlegare i år, og femti bidrag blei meldt inn. Eit av dei var «Rom rives» av lektoren ved Høgskulen i Volda. Denne veka fekk Vibeke Preus Bech beskjed om at hennar manusbidrag er blant dei tre beste.
Prisutdeling
Vinnaren blir offentleggjort på ei prisutdeling 14. desember, på eit styremøte til Norsk teaterråd.
Publisert på dramas.no
Førstepremien er på 20 000,-. Andre- og tredjeplass får høvesvis 12 500,- og 7 500,-. Alle finalistane får i tillegg diplom og manusa blir lagt ut på den norske databasen for manus, www.dramas.no.
Juryen
Juryen blir leia av dramatikaren Thor Rummelhoff (Dramatikerforbundet). Rummelhoff er også leiar av Scenetekstfondet.