LÆRTE Å KOMMUNISERE MED TEIKN

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Elisabeth Nygårdsæter og Trine Netland studerar første året på sosionomutdanninga, medan Alice Ytrøy Rømøren og Camilla Voldsund går første året på barnevern. Saman utgjer dei den første studentgruppa som har vore på teiknespråkkurs og observasjon på Ål Kompetansesenter. Det var rettleiaren til gruppa som tok initiativ til at dei skulle nytte observasjonsveka der for å kunne forbetre kommunikasjonen i gruppa. Voldsund har tidlegare gått på skulen, og det var difor valet falt på Ål. Medan henna med-studentane fokuserte på teiknspråk hadde ho observasjonspraksis.

e2fadbc1fd147784c0a0aa52504cc4fc41ca05f9Elisabeth Nygårdsæter, Alice Ytrøy Rømøren, Trine Netland og Camilla Voldsund har alle hatt stort utbytte av teiknspråkkurset på Ål Kompetansesenter. 


BRATT LÆRINGSKURVE

Studentane visste ikkje heilt kva dei gjekk til eller kva dei kunne forvente, men følte seg svært godt ivaretatt og lærte mykje på kort tid.

─ Lærarane på kurset var veldig imøtekommande. Dei ville at vi skulle få mest mogleg utbytte og hadde lagt opp kurset spesielt for oss. Det var ei bratt læringskurve og lange dagar, men det tok ikkje mange dagar før noko hadde løsna. Mange trur teiknspråk er vanskelegare enn det det er og har ei sperre for å prøve seg, men det er eigentleg ganske logisk, seier Nygårdsæter.


SOM Å KOMME TIL «DØVELAND»

Studentane fortel at det var ei ganske anna oppleving å vere på ein skule for døve enn på ein skule for høyrande. 70 % av dei tilsette ved Ål Kompetansesenter er døve, og studentane lærte teikn ved å lese på lepper og å sjå på det heilskaplege kroppsspråket.

─ Det var som å komme til «døveland». Det var heilt stille i gangane og under kveldsmaten sat vi berre å såg rundt oss på alle som brukte teiknspråk. Det tok ei stund før vi blei vant til det, og det har gjeve oss ei betre forståing for korleis Camilla har det, seier Netland.

─ Vi følte oss veldig annleis. Det var nesten flaut å ikkje kunne kommunisere. Dei var veldig imøtekommande og det var fælt å ikkje eingong kunne presentere seg sjølv, seier Nygårdsæter.


EIN STOR FORSKJELL

Med minimal kunnskap om teiknspråk var det tidlegare ei utfordring å kommunisere innad i gruppa. Kurset på kompetansesenteret har difor utgjort ein stor forskjell både for Voldsund og gruppa som heilskap.

─ Eg er veldig glad for at dei blei med til Ål.  Vi forstår kvarandre mykje betre no og alt er blitt mykje lettare. Når det gjeld teiknspråk er det viktigaste at dei kan det grunnleggande. Dei lærer seg alfabetet først, så teikn og dei blir betre etter kvart, seier Voldsund.

Dei andre har igjennom teiknspråk blitt betre kjent med Voldsund.

─ Det er ikkje så lett å etablere eit vennskap med nokon ein ikkje kan kommunisere med. No er det kjekt å sleppe å bruke tolk heile tida,  poengterer Netland. 

Studentane fortel at mange døve og deira familiar føler seg lite ivaretatt av staten. Statlege døveskular skal leggast ned innan 2014, og døve skal integrerast i skular der det hovudsakleg er høyrande. Mange stiller spørsmål ved kor riktig dette er når medelevar ikkje får opplæring i teiknspråk. 

Les meir om HVO sitt studietilbod innan sosionom- og barnevernsutdanning

Del på