Lærarstudentar på tradisjonsrik ekskursjon
Gjengen som var på tur stoppa mellom anna ved padde-skulpturen i Austefjorden.
«Kunnskap om samanhengar mellom geologisk utvikling og landskap bidrar til glede, undring og interesse med å ferdast og oppleve natur overalt i verda», var ein del av innleiingsforedraget til Norleif Vik i bussen på Folkestad før vi tok til på årets dagsekskursjon i nærmiljøet. Biletet viser den fine gjengen som var med på årets naturgeografiske ekskursjon sist onsdag.
Den seks timar lange rundturen med mange stopp undervegs – for observasjon og informasjon om prosessar som har skapt landskapet vi ser i dag, gikk som tidlegare år med buss frå Folkestad via Bjørkedal, Eid, Heggjadalen og Austefjorden til Volda.
Alle deltakarar fekk utdelt ekskursjonsguide med bilete, tekst og figurar knytt til temaet geomorfologi og landskapsutvikling. Eksursjonsguiden er produsert og brukt av HVO-pensjonist Norleif Vik gjennom ei årrekke på ekskursjonar i Nordfjord og på Sunnmøre. Også dette året var han beden om å delta som ekskursjonsleiar av ny faglærar og geograf med doktergrad Kjersti Straume. Erlend Vikestrand frå Volda deltok også på ekskursjonen. Han er nyutdanna geograf frå UiB og har sin mastergrad innan kvartærgeologi.
Med på turen var også tidlegare fagansvarleg – dekan og dosent Odd Ragnar Hunnes. Med seg hadde han invitert Auður Pálsdóttir, geograf og fagdidaktikar frå Universitetet i Reykjavik som no om dagen gjestar HVO. Mykje fagkompetanse var med andre ord med på den vellukka ekskursjonen i fint haustver.