Kurs i fjellvett torsdag

Naturen på Sunnmøre kan gje fantastiske naturopplevingar, men kan og vere farleg om ein tek unødige sjansar. Høgskulen i Volda, Natura og STiV inviterar til kurs der vi ser på korleis ein kan ferdast tryggare i fjellet, melder Stig Løland ved Seksjon for idrett og friluftsliv.

 
 
 

Vi startar torsdag kveld på høgskulen, og fortset på Standalhytta fredag kveld, laurdag og sundag med flotte og lærerike turar i fjellet. Kurset er gratis for alle HVO-studentar, seier Løland.

Det er lagt opp til masse sosialt samvære og det blir middag for alle deltakarane på laurdag kveld.
 
Tema for kurset vil vere alt frå kart og kompassbruk til steinsprangfare, verkjennskap med meir.
Møt opp for meir informasjon på Kaa 109 på torsdag kl 1900!
Påmelding enten på torsdag eller på skjema som heng på Natura si tavle på BK.

Del på: