Kulturfestival som eksamensprosjekt
Jørgen Rodem, Carolina Lindesteg, Cecilie Sandvik og Torbjørn Øvrevik står bak festivalen Exit Volda i sentrum 7.juni kl 12-23.
– Festivalen Exit Volda tar utgangspunkt i Avdeling for kulturfag, og ønskjer å vise fram det studentane gjer der gjennom utdanninga, seier Cecilie Sandvik som snart er ferdig med ein Bachelor i drama og teater.
Festivalen vil ha forskjellige basar, og det vil til dømes vere aktivitetar av studentar på idrett og friluftsliv, scene for musikk og høve til å vise film og bilde inne.
– Vi vil oppfordre alle til å komme innom festivalen, og dei som er interesserte i å delta til å ta kontakt på [email protected], seier Sandvik.
Festivalen er i ein privat bustad i Elvegata i Volda.
– Vi ville gjere festivalen litt intim, samstundes som det er mykje plass ute til scene og forskjellige aktivitetar.