Kråkebollebilly til prestisjetung animasjonsfestival

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Annecy er utan tvil den største og viktigaste animasjonsfilmfestivalen i verda.  Heile 1863 produksjonar var påmeldt til festivalen i år, og no har 213 filmar kome gjennom nålauget.
Det er inga lita bedrift å koma med i ein slik stor konkurranse, og Noreg er så heldige å ha to filmar med til festivalen.

Kråkebollebilly er laga av Mikrofilm AS og regissør Magnhild Winsnes, og er produsert som ein del av Høyr og Sjå-prosjektet som er eit samarbeid mellom Høgskulen og Høydal fjernsynsproduksjon. Filmen ar laga på oppdrag frå Nynorsksenteret, som er sentral samarbeidspartnar og finansiell støtte, Høgskulen i Volda og Noregs forskingsråd. Filmen kan du sjå her.

Den andre filmen er den animerte kortfilmen Sinna mann av Anita Killis, som allereie har hatt ein suksessrik festivalrunde med prisar i Grimstad og Chicago, samt visning i Berlin. Den skal delta i kortfilmkonkurransen under festivalen.

Kråkebollebilly skal delta i kategorien for beste "educational, scientific og industrial films". Sjølve festivalen går av stabelen 7.-12. juni 2010.


Del på