Konsert med Mixmasters og høgskulekoret

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

MixMasters

Fleire av stykka er frå repertoaret spelt inn av Glenn Millers orkester, som var svært populært under den andre verdskrigen. Solist denne kvelden blir Leif Atle Strand.

7f3acd8c56fa000c4016df7c23b746fdMixMasters under leiing av Ketil Rasmussen har spesialisert seg på nettopp dette repertoaret med flotte låtar som Moonlight Serenade og On the Sunny Side of the Street. Bandet har også plass til  meditative Nature Boy og The Moon’s a Harsh Mistress.


MixMasters og Ingeborg Rørvik i balladen That old Devil called Love.

Høgskulekor og studentar

I tillegg til høgskulekoret og MixMasters, får publikum høyre fleire innslag frå musikkstudentar, både vokalsolistar og jazzensemble. Mellom solistane er Tone Brandal, Ingeborg Widerøe, Sara Troland, Elisabeth Bolli Anundsen, Christoffer Jensen, Peter Magnus Berg og Olai Tomasgard.

724d1705ebf057670b62a448867a2fe2Høgskulekoret ved Høgskulen i Volda under ein konsert i Volda kyrkje.

Dirigent for koret ved Høgskulen i Volda dette semesteret er Elizabeth Oltedal.

Vel møtt til swingande tonar i konsertsalen i Henrik Kaarstad-huset søndag 22. mars kl. 18.00!

Bill: Vaksne: 200,-. Barn/student: 100,-

Del på