INTERNASJONALE VIBBAR

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Viserektor Marie Nedregotten Sørbø oppmodar studentar om å reise til utlandet, og internasjonale studentar å komme til Volda. 

─ Vi kan tilby kurs på engelsk, og kurs i norsk språk. Vi jobbar også med å utvide kurstilbodet på engelsk for å inkludere mellom anna mediefag. Det er dyrt å leve i Norge, men det er gratis å studere her. Studentane likar at Volda er lite, det nære studentmiljøet og den nære relasjonen til lærarane, seier Sørbø.

 b9e3dfe0ad7f4f7571e19c68b833a051e0f53599
Internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen. Foto:  Jose Eduardo Garcia Aldama Pepe

GRIP SJANSEN

Internasjonal koordinator ved Høgskulen i Volda, Cecilie Wilhelmsen, informerte om at Volda i fjor tok imot 120 internasjonale studentar, og sendte 175 elevar ut i verda.

─ Eg oppmodar deg til å gripe mogelegheita. Ta eit semester i utlandet, og du vil aldri angre på det. Viss du ikkje har mogelegheita kan du gå til Pangaia eller på Internasjonal klubb og bli kjent med alle dei internasjonale studentane, seier Wilhelmsen.

Det er siste året Wilhelmsens organiserar den Internasjonale dagen, etter å ha gjort ein god jobb med å gjere Volda kjent i Europa og i verda forøvrig.

─ Eg pensjonerar meg tidleg for å nyte livet og reise meir, seier Wilhelmsen med et smil.

 73e1f398014712173beb1e37bf1680da8d9a06cd
Hovudtalar Rina Sunder. Foto:  Jose Eduardo Garcia Aldama Pepe

INDIA ER I ENDRING

Hovudtalar indisk-norske Rina Sunder fokuserte på behovet for oss å forstå endringane som skjer i India.

─ India har vore med på å forme verda, og vil fortsette å gjere det i framtida. Vi snakkar no om eit nytt og moderne India. Det er eit land med mogelegheiter, spesielt for unge menneskjer. Det blir sagt at demografi er skjebne. Vi har 700 millionar menneskjer under 30 år i India. Dette er eit konkurransefortrinn i forhold til land som Kina som vil møte ei utfordring med ei stor eldre befolkning, sa Sunder.

India er en stormakt i Asia, og tar sikte på å være ei også i Europa.

─ Reglane i spelet er i endring internasjonalt, både politisk og økonomisk. India er no nummer to på lista over marknadar som internasjonale selskap ønskjer å komme inn i, berre bak Kina. Britane forlot språket i India, og det er faktisk det største engelsktalande folket i dag. Dette gjer det enkelt å kommunisere med indarane, og dei tilpassar seg godt til andre kulturar, seier Sunder.

Sunder hevdar at det er ei utfordring for Europa at indarane og kinesarane reiser til England, USA og andre land for å studere, medan europearane ikkje reiser den andre vegen i same grad.

 a8a2a1731e2993c3de5fe21d49af289a50eefed4
Ole-Gunnar Palmer Morewood og Sigrid Lunde er studentar ved Høgskulen i Volda. 

─ BERRE GJER DET

Sigrid Lunde og Ole-Gunnar Palmer Morewood er begge på andre året i sosionomutdanninga. Då dei hadde mogelegheita til å studere i utlandet nølte dei ikkje. Dei valde å reise til Champlain University i Vermont i USA, og dei er no tilbake for å representere skulen.

─ Sidan eg gjekk på ungdomsskulen har eg hatt lyst til å ta eit semester i utlandet. Eg ville reise til ein stad som eg kunne bruke som base for å reise rundt og Champlain som ligg nord for New York var då eit godt val. Hawaii var også et alternativ, men med stranda utanfor vindauget mitt ville det vere vanskelig å fokusere på studiane, sier Morewood.

Lunde angrar ikkje på at ho tok sjansen på å studere i utlandet, og heller ikkje på hennar val av Champlain University.

─ Det var skremmande å reise aleine, men eg blei så godt mottatt då eg kom dit at det var ikkje noko problem. Eg forbetra språkkunnskapane mine og fekk oppleve mykje nytt, sa Lunde.

Hennar oppmuntring til studentar ved Høgskulen i Volda er klar:

─ Ikkje tenk på det, berre gjer det. Det er definitivt verdt det!

Les om dine mogelegheiter for utveksling

Del på