Internasjonal dag 2015
Vi inviterer alle til å bli med på å feire det internasjonale miljøet ved HVO og for å få inspirasjon til å reise på utveksling. I år får vi besøk frå partnaruniversitet frå mellom anna England, Spania, Tyskland, Nederland, Tsjekkia og Romania.
Høgskulekoret får æra av å opne programmet saman med Pro-Rektor Marie Nedregotten Sørbø. Deretter kan ein gå rundt på ulike stands for land og universitet som høgskulen har samarbeid med. I tillegg spelar Idol-Jørn, Jørn Trollebø Kvalheim, musikkstudenten ved HVO som kom på 2. plass i Idol 2014.
12:00 er det duka for ei veldig underhaldande og lærerik førelesning om norsk kultur og sosiale koder, sett frå ståstaden til ein internasjonal student. Julien Bourrelle, kjend som Mondå, har 20,000 følgjarar på Facebook og føreles om norsk kultur for store publikum i Trondheim og Oslo. Nyleg har han gitt ut boka «A Social Guidebook to Norway» som har blitt omtala i m.a. NRK.
Jørn Trollebø Kvalheim og Julien Bourrelle (Mondå) er hovudattraksjonar på Internasjonal dag 2015
Etter førelesinga vert det gratis internasjonal lunsj kl. 13:00 med moglegheit til å mingle i messeområdet, før dagen vert avslutta med HVO-studentar som fortel om sine erfaringar frå utveksling. Det vert også ein konkurranse med flotte premiar, samt danseinnslag med internasjonale studentar.
Les meir på Facebook-sidene til Internasjonal dag 2015.