Idrett og friluftsliv byggjer båt på Bjørkedalen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Det vert ein dryg båt. Den er 9,85 m lang og over 3 m brei. Den er såpass stor at vi er i tvil om vi skal kalle det ein trerøring. Kanskje ”tremøring” er det rette namnet, ein kombinasjon av ein trerøring og ein møringsbåt, seier Frode Sætre ved Seksjon for idrett og friluftsliv.

Den nye trerøringen skal riggast for segling, og skal både ha storsegl, fokke og klyver. Rigginga av båten skal gjerast av Ola Einang. Båten har fem par årar.

d604c62a2e0f60681d84c34ca6ff6a1b805b398c

Den nye båten skal erstatte den gamle Kyrkjebåten, som no er i så dårleg stand at det ikkje er forsvarleg å nytte den som undervisningsbåt lenger

– Tidlegare har seksjonen hatt problem med å få plass til studentgrupper på 20 ved opplæring i segling. Med denne båten er dette problemet løyst, seier Frode Sætre.

Foto: Ola Einang og Frode Sætre

Del på