HVO-student Maria Parr vann Bragepris

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Saman med Karl Ove Knausgård, Kjetil Østli, og Bjørn Axel Herman vann Parr Brageprisen i kvar sin kategori torsdag kveld under ei festførestelling i Gamle Logen i Oslo.

Den 28 år gamle forfattaren frå Fiskå i Vanylven heidrast av juryen for å vere nyskapande og original. Boka har mange referansar til klassiske barneforteljingar og brukar desse på ein original, forfriskande og nyskapande måte.

– Den betyr enormt mykje å få denne prisen. Det gir ein tryggleik at nokon som har greie på det seier at det eg har laga er bra. Det er alltid godt å ta med seg, seier Parr.

521b39bed2b86169bae8ece100a08803989b2e09
Maria Parr vann Bragepris for boka "Tonje Glimmerdal" i kategorien Barne og ungdomsbøker. (Foto: Sølvi Brudevoll).

Likar å skrive
Parr fekk tildelt prisen i kategorien Barne og ungdomsbøker. Kvifor denne målgruppa?

– Somme gonger lurer eg på kvifor ein aldri spør vaksenbokforfattarar kvifor dei skriv vaksenbøker. Barnelitteraturen er akkurat like viktig som anna litteratur. Minst. Det er enormt viktig at barn får lese gode bøker som rører dei. Eg har ikkje nokon betre grunn enn det. Det er utfordrande, viktig og veldig kjekt å skrive for barn, seier ho.

Maria Parr har alltid likt å skrive.

– Før eg kunne skrive brukte eg å fortelje. I grunnen veit eg ikkje kvifor – eg berre likar å skrive.

"Fart og sjølvtillit"
Tonje Glimmerdal er ei sterk og modig jente, som lett tek til tårene og som veit kva ho vil. Den ti år gamle raudtoppen lev etter mottoet "fart og sjølvtillit", og er ei original norsk bygdeforteljing (les utdrag frå boka). "Det er bare å kaste seg ut i det, akkurat som Tonje Glimmerdal på omslaget til Maria Parrs bok kaster seg på ski utfor en bratt fjellskrent: Dette er en kjempefin bok!", skriv ein av kritikarane. I 2005 vart også Parr nominert til Bragepris med boka "Vaffelhjarte" og vann nynorsk barnelitteraturpris. Kva ho skal nytte årets pris til veit ho ikkje sikkert.

-      – Eg ønskjer meg ein ny sparkesykkel. Og datamaskin.

Til dagleg studerer ho praktisk pedagogisk utdanning i Volda. Frå før har ho studert nordisk og historie, og ser føre seg å arbeide som lærar men ønskjer også i periodar å prioritere skrivinga .

– Eg har ikkje nye bokprosjekter på gang med det første. Dette året er det berre studiar. Men til sommaren håper eg det har magasinert seg opp eit kvart.

Les meir om "Tonje Glimmerdal" og Brageprisen 2009.


Del på