Høgtideleg grunnlovsmarkering
For anledninga var det skipa saman eit HVO-mannskor, med dirigent Ivar Hagen, som mellom anna framførte «Det går et festtog gjennom landet!», som er laga til grunnlovsjubileet.
Høgskulelektor i historie Harald Krøvel sa at demokrati er noko vi må jobbe kontinuerleg med.
Høgskulelektor Harald Krøvel fortalde om kva som hende i Volda for 200 år sidan.
─ 25. februar samla bygdefolket seg i Volda kyrkje. Presten innleia med ei kraftfull tale og fortalte at det norske folket var løyst frå sin truskapseid til danskekongen. Deretter avga bygdefolket ein eid for å hevde Noregs sjølvstende. Kyrkjelyden valde deretter to valmenn frå kvart prestegjeldet. Det var krav om at den eine av dei to valmennene skulle være bonde, men i Volda var begge valmennene bønder. Deretter møttes valmennene på eit sentral stad i kvart amt. Frå Volda reiste valmennene til Molde. Der valde dei tre representantar seg i mellom til den grunnlovgjevande forsamlinga på Eidsvoll. Bygdefolket i Volda hadde slik ein indirekte påverknad på grunnlova.
Ordførar i Volda Arild Iversen.
Ordførar Arild Iversen hevdar at grunnlova har relevans for dagens samfunn.
─ 200-årsdagen til grunnlova er ein milepæl, sa ordførar Arild Iversen. Grunnlova i 1814 var svært moderne, og demokratiet i Noreg slik vi kjenner det vart født då med sentrale element som ytringsfridom og stemmerett. Likevel kom demokratiet gradvis, og det blei allmenn stemmerett for menn først i 1898 og for kvinner i 1913.