Høgskulen i Volda lanserer nye nettsider
Viktigaste kanal for studentrekruttering
– Nettsidene våre er den viktigaste kanalen for rekruttering av nye studentar, portal for kommunikasjon med dagens studentar og for kommunikasjon med forskarar og andre utanfor vår eigen institusjon, seier rektor Johann Roppen.
Kontinuerleg arbeid
Nettsidene vert lansert no, men framleis står det ein del arbeid att. Dette betyr at sidene vert utvikla vidare gjennom dei neste månadane. – Alt er ikkje hogd i stein, seier Tor Mikalsen, leiar for prosjektet med å innføre nye nettsider for Høgskulen i Volda.
Nytt design
– Hivolda.no vil framstå med nye fargar og eit lettare design enn vi er vande med. Voldabyrået Kib&Morits har laga designet og dei har samarbeidd tett med oss i prosjektgruppa og med leverandøren av det nye publiseringsverktøyet, Frontkom, seier Mikalsen.
Mobiltilpassa
– Nettsidene er tilpassa både nettbrett og mobil og dette er kanskje den viktigaste endringa, seier prosjektleiar Tor Mikalsen.