Historiestudentar i Roma
Gruppebilde på Petersplassen medan paven talar frå trappa framfor kyrkja.
Som ein del av Historisk innføringsemne i bachelor i Historie fekk studentane høve til å reise på studietur til Roma. Studentane fekk mellom anna gå langs Via Appia Antiqua som er bygd 300 år før tidsrekninga vår som ein av dei sentrale vegane i det den gongen vesle Romerriket. Spansketrappa, Petersplassen og Castel St. Angelo var blant dei historiske stoppa i byen der det var presentasjonar av studentar og lærarar. På turen fekk dei også ei engasjerande omvisning i oldtidsbyen Ostia og ei detaljert innføring i Firenzes renessansehistorie illustrert med mange kyrkjer og palass.
I oldtidsbyen Ostia visteInge Lyse Hansen studentane dei forskjellige funksjonane og delane av byen.