Helsetenesta for studentar i nye lokale
Helsetenesta tilbyr informasjon og rettleiing, der målet mellom anna er å auke kunnskapen om seksuelt overførbare infeksjonar, lette tilgangen til prevensjon og førebyggje uønska svangerskap og abort. Du får tilbod om testing for klamydia, informasjon om prevensjonsmetodar og foreskriving av prevensjonsmidlar, gratis kondomar, hjelp til å bestille time hos fastlege og graviditetstesting. Mange oppsøkjer også helsesøstera for ein uformell samtale.
– Eg får spørsmål om det meste, men det primære er svangerskapsførebyggande arbeid. Mange studentar kjem innom for å få resept på p-piller (sjølv dei som er over 20 år), gratis kondomar, klamydiatesting og graviditetstesting. Ein treng ikkje bestille time, det er berre å komme hit, seier Ellen.
Helsesøster Ellen Engeset er å treffe kvar måndag hos Studentsamskipnaden (Foto: SfS).
Helsesøstera kan også hjelpe til med å bestille legetime og fastlege i Volda. Tilbodet er eit samarbeid mellom SfS, Høgskulen i Volda, Sosial- og helsedirektoratet og Volda kommune ved Helsestasjonen.
Kontakt:
Ta kontakt med helsesøster Ellen Engeset [email protected] eller telefon: 70 07 54 45