Har du eit pledd til overs?
Det er kaldt i lufta når sola ikkje er framme. Frivillege og gjestar på Den Norske Dokumentarfilmfestivalen treng pledd som varmar. Dersom du har noko til overs, venter glade og kalde festivaldeltakarar utanfor Samfunnshuset.
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen var fullstappa under opninga av Dokfilm 2009. Ikkje eit sete var ledig, og med det var det mange som blei ståande utanfor under seremonien. Opningsfilmen “Heimegutar”, som handlar om rapgruppa Side Brok frå Hovdebygda, vart vist for publikum for aller første gong i går. Regissør Turid Rogne kunne fortelje at siste hand på verket blei lagt dagen før.
Følg med på www.dokfilm.no undervegs, og få med deg siste oppdaterte nyhende.