Har du born og behov for avlastning?

Tekst: Webmaster Volda

Studentsamskipnaden har eit tilbod til studentar med små born om avlasting enkelte helgar. Studentar med born i barnehage- og småskulealder kan søke om avlasting to - tre helgar (laurdag - søndag) kvart semester:

30.-31. januar, søknadsfrist 25. januar
06.-07. mars, søknadsfrist 26. februar
17.-18. april, søknadsfrist 09. april


Avlastinga held til i Røysmarka studentbarnehage frå kl. 15.00 på laurdag til kl. 14.00 på søndag. Prisen er kr. 200,- pr. helg for første barn, og kr. 100,- for barn nr. 2 og 3.

Korleis søkje?
Søknadsskjema får du hjå SfS, i studentbarnehagen eller du kan skrive det ut her.

For meir informasjon kan du kontakte studentrådgjevar Ann-Kristin, t: 70 07 51 88/ 992 37 980 eller Studentsamskipnaden t: 70 07 52 40.

Del på