Godt opptak

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

f192416ce788c159208d94999840902f

– I tillegg til å ha gode opptakstal til mediefag, har vi i år også fått svært godt kvalifiserte søkjarar til friluftsliv og årsstudium i idrett. Vi har ventelister på sosialfaga, nesten alle mediefaga, friluftsliv og årsstudium i idrett og på mat og helse, fortel studiedirektør Gonnie Smit. 

Høgskulen har i år gitt fleire tilbod på grunnskulelærarutdanningane enn i fjor. Det same gjeld barnehagelærarutdanninga.
– I år tilbyr vi også grunnskulelærarutdanninga 1-7 på deltid og barnehagelærarutdanninga på deltid.

LEDIGE STUDIEPLASSAR
Ledige studieplassar blir offentliggjort laurdag 19. juli kl. 9.00. Høgskulen kjem då til å legge ut ledige bachelor- og yrkesutdanningar, årsstudium og deltid/nettstudium. www.hivolda.no/studietilbod. Søkjarane kan legge inn studieønskje frå søndag 20. juli kl. 9.00

– I lokalopptaket (vidareutdanningar og nettstudium) har vi framleis gode søkjartal. Vi tek opp kvalifiserte søkjarar etter kvart, og på hivolda.no finner du framleis ledige studieplassar på lokalopptaket.

05040bcb8667d47ab2a2e22963b05cd5
Studiedirektør Gonnie Smit. 

Del på