Godt etablert masterprogram i samfunnsplanlegging

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda (HVO) uteksaminerer eit nytt kull i desse dagar og fleire av desse har fått toppkarakter på masteroppgåvene sine.

- Vi brukar alltid dyktige eksterne fagfolk som sensorar slik at vi sikrar at vi held eit godt nasjonalt nivå. I år har vi sensorar frå Universitet i Bergen, opplyser professor Roar Amdam som heilt frå starten har vore fagleg ansvarleg for dette programmet.

424b6c5d9739094736990af6214146a8c8127314

Professor Roar Amdam.

HVO har godt med søkarar til dette programmet. Dei flest kjem frå Vestlandet, men høgskulen rekrutterer frå heile landet og også ein del frå utlandet. Dei fleste har yrkeserfaring, men talet på søkarar rett frå bachelorprogram er aukande. Studentgruppa er samansett av planleggarar, sjukepleiarar, sosionomar, lærarar, ingeniørar, politi og andre profesjonsutdanningar og dette gir eit godt læringsmiljø.

- Vi opplever no også auka etterspørsel frå privat og offentleg næringsliv etter skreddarsydde leiarutdanningar, og vi har no avtalar med Møre of Romsdal fylkeskommune, Maritim foreining for Søre Sunnmøre (MAFOsS) og Skodje kommune om leiarutdanningar knytt opp til masterprogrammet. Vi er i samtalar med andre organisasjonar både lokalt og nasjonalt, men aktiviteten vår på dette området framover er avhengig av kva for nye fagfolk vi greier å rekruttere. Vi har også inngått avtale om å utvikle utdanning i folkehelseplanlegging ved Universitetet i Riga, seier professor Amdam.

Utdanninga er tilrettelagt både for heiltid og deltid og det er muleg å fordjupe seg i utdanningsleiing og i helse- og sosialleiing.

- I undervisninga vert det vektlagt at offentleg leiarar har eit stort samfunnsansvar, og med å kombinere samfunnsplanlegging og leiing i dette programmet førebur vi studentane både til å leie eigne organisasjonar og til å leie og delta i lokalt og regionalt plan- og utviklingsarbeid, seier Amdam. 

Tilsette på høgskulen som er knytt til dette programmet har publisert bøker på anerkjente forlag  i inn- og utland og artiklar i anerkjente internasjonale fagtidsskrift, noko som viser at fagmiljøet held god internasjonal standard.

- I sum er det difor rett å seie at dette er eit godt etablert masterprogram som held internasjonalt nivå og som har god regional forankring, avsluttar professor Roar Amdam.

Del på