GODE SAKSBEHANDLARAR
Målretta, effektiv og rettsriktig tenesteyting føreset god forvaltning/ saksbehandling ved tildeling, endring og bortfall av helse- og omsorgstenester.
EI SPENNANDE VIDAREUTDANNING
Studietilbodet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Per Gammelsæther i IKKS (omsorgsjuss.no). IKKS har i ei årrekkje arbeidd tett opp mot og saman med kommunar si helse- og omsorgsteneste og kan tilføre mykje praksisnær kunnskap i studiet. Dette styrker utdanninga sin relevans for praksisfeltet.
Studiet skal gi deg god oversikt over rettigheiter og plikter innanfor ulike sentrale tema i helse- og omsorgsjussen. Vidare vil studiet bidra til kunnskapar om og ferdigheiter i å forvalte helse- og omsorgstenestene i kommunen.
Studiet vil også gi innsikt i dilemma ein ofte vert stilt ovafor i rolla som forvaltar av kommunen si myndigheit og bidra til å styrke evne til refleksjon og problemløysing.
Forutan sentrale helserettslege tema og skjønnsutøving i høve til tildeling, endring og bortfall av helse- og omsorgstenester, vil vi denne gongen fokusere særskilt på:
– utfordringar knytta til Samhandlingreformen
– samanhengen mellom tildelingsvedtak, ressursstyring/ressursbruk og tjenesteyting
– BPA-brukarstyrt personleg assistanse.
SAMLINGAR PÅ HØGSKULEN I VOLDA
Undervisninga er organisert over tre samlingar. Det vil vere ei samling hausten 2015 og to samlingar våren 2016. I tillegg vert det lagt til rette for diskusjonsgrupper og fagleg samhandling på nett. Du vil ta del i førelesingar og gruppearbeid. Det blir lagt opp til sjølvstudium og oppgåveskriving mellom samlingane. Det er knytt rettleiing til oppgåveskrivinga. Studentane blir delt inn i basisgrupper for fagleg samarbeid. Du vil få tilgang til eit elektronisk klasserom (Fronter) der informasjon og fagstoff blir tilgjengeleg.
– Ressurssituasjonen og ikkje minst Samhandlingsreformen gir utfordringar som gjer at god juridisk kompetanse er veldig viktig. Folk flest og pårørande har høgare forventingar til vår kunnskap og er meir bevisste på kva dei har krav på og difor må vi kunne meir enn før. Vi er glad for å ha fått auka kompetanse på området og har god bruk for det. Vi nytter pensum mykje i jobben og opplever at vi bruker lovverket breiare enn før, Linda Tryggestad Søvik og Møyfrid Kleppe Bakke, Sykkylven kommune.