«GJEV MED DEN EINE HANDA OG TEK MED DEN ANDRE»

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda får vel ein million til ei ny stipendiatstilling og to millionar til etter- og vidareutdanning av lærarar. Dette er sjølvsagt positivt, men problemet er at framlegget samstundes reduserer løyvinga på to måtar som rektor Halse finn tvilsame.

– For det eine misser vi ein knapp million som regjeringa meiner vi skal kunne ta inn att ved å krevje studieavgift av studentar som kjem frå utanom EØS-området. Dette er vi prinsipielt skeptiske til; i tillegg til at vi ser framlegget som lite realistisk. Høgskulen har få studentar i denne kategorien, og ei mogleg studieavgift vil kunne redusere det verdifulle internasjonale mangfaldet i Volda, seier rektor Halse.

I tillegg pålegg framlegget til statsbudsjett høgskulen «avbyråkratisering og effektivisering» for halvannan million. Det vil i praksis seie å redusere administrasjonen med tre årsverk.

– I utgangspunktet verkar det lite gjennomtenkt for ein høgskule som allereie ligg langt under gjennomsnittet for administrativt tilsette i forhold til studenttalet. Vi set vår von til at forhandlingane i Stortinget vil styrke budsjettet for Høgskulen i Volda, avsluttar Halse.

Del på