Gjesteforelesing ved Gisle Hannemyr

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

1ebe1482adf096514f29008824233a769dca8ac0
Foto: Gisle Hannemyr i 2003

Forelesinga til Hannemyr, som også er lektor ved Universitetet i Oslo, vil finne stad tysdag 16. februar frå kl. 11:15 – 13:00 på Berte Kanutte-huset i det store auditoriet.

Temaet ”Internetthistorie og internett i mediebildet” er hovudsakleg retta mot studentar på Medievitenskap, men det vil også vere relevant for ei rekke andre emne ved Høgskulen i Volda. Det seier Jens Standal Groven, lektor ved informasjonsutdanninga ved HVO.

- Hannemyr har skrive boka: ”Hva er internett?” utgitt i den store serien ”Hva er...” frå Universitetsforlaget, fortel Erling Sivertsen, førsteamanuensis på avdeling for mediefag ved HVO.

Dei som er interesserte i å høyre forelesinga vert difor oppmoda til å møte på BK-huset 16. februar.

Vil du vite meir om Gisle Hannemyr? Klikk her

Del på