GIVE AND TAKE med Unni Løvlid

Kva blir konsekvensane når andre uttrykk blir introduserte og blanda med ei kunstform som er avhengig av tradering frå generasjon til generasjon? Eller når det reindyrka norske folkeuttrykket set sitt merke på høgkulturelle sjangrar?

c39e0b5e951306270020219e0300f6685d8393d7Unni Løvlid, prisløna kvedar og høgaktuell med plata Lux, balanserer mellom konservering og nyskaping. Onsdag 19.juni held ho eit illustrert foredrag med tittelen Give and take: Osmotic processes in musical meetings. Foredraget, som er gratis, er ein del av seminaret Multimodalities: Aesthetic Dimensions in Music and Education Practices , 18.-21.juni.

Tid og stad: Onsdag 19.juni kl.17:30 på Ivar Aasentunet.

Del på: