Gert Biesta til seminar i Volda
Biesta er Professor of Educational Theory and Policy ved University of Luxembourg og var tidlegare Professor of Education ved University of Stirling, Skottland. Han er hovudredaktør for tidsskrifta Studies in Philosophy and Education, og har forska mellom anna på livslang læring, citizenship, demokrati i utdanning, læreplanar og profesjonsutdanning. Av dei seinare bøkene hans er: Good Education in an Age of Measurement: Ethics, Politics, Democracy (2010); Making sense of education: Fifteen contemporary educational theorists in their own words. (ed. 2012); The Beautiful Risk of Education (2013).
Foredraget den 19. Juni har tittelen: No education without hesitation: on educational relations and their limits. Dette er ein del av programmet på forskarseminaret Multimodalities: Aesthetic Dimensions in Music and Education Practices, I regi av HVO og Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, 18. – 21. Juni.