Frist for emneregistrering 30. mai
Studentweben open for registrering 20.-30. mai for å velje emne og registrere deg for hausten 2010.
1. Sjekk eksamensdatoar i eksamensplanen for å unngå kollisjonar.
2. Vel emne som passar i din studieplan komande semester, også emne frå andre studieprogram.
3. Sjekk i Studentweb om du har fått plass på emna dine - om du vel "lukka" emne, vil vi vurdere forkrav/ ledige plassar, og du får svar etter kvart.
4. Dersom du ikkje får opptak på emnet, får du hjelp til å velje nye emne i ordinær registreringsperiode.
5. Betal semesteravgift innan 1. september - du er ferdig registrert!