Flytta førelesinga ut
Mange av desse studentane vil i framtida bli rådmenn, sakshandsamarar, leiarar eller mellomleiarar i kommune, fylke eller stat.
Frå teori til praksis
Temaet som låg til grunn for ekskursjonen var politikkdanning og politikk og makt.
– Målet var at studentane skulle få ein smak av spennet i planprosessar knytt til arealdisponering når E39 skal leggjast i tunell forbi Volda sentrum. Vi ønskjer å vise dei kva for fagområde som er inne i planprosessen, kva metodikk det vert jobba etter og kva konsekvensar vegbyggingsprosessar kan få for lokalmiljøa, fortel Kolbein Halskjelsvik.
– Det er slik vi lærer
Mats Pedersen, Ida Theodorsen og Karoline Strand var alle strålande fornøgde etter dagen. Dei fekk erfare kva for dilemma som kan oppstå mellom fagfolk og enkeltpersonar i slike prosessar.
– Vi fekk snakke både med prosjektleiaren frå Statens vegvesen og besøke garden som blir tungt råka i andre enden av tunellen i Furene. Det var interessant å høyre dei ulike partane fortelje om sitt syn på tunellen, fortel dei.
– Dette er dilemma som sakshandsamarar må jobbe i forhold til når saker skal setjast lys på, når folk skal kunne påverke undervegs og når politikarar til slutt skal få eit avgjerdsgrunnlag og utøve makta si gjennom, supplerer Halkjelsvik.
Ingenting er betre enn dette
Studentane legg til at det er viktig for dei å forstå prosessane og nytte/kost-vurderingar som ligg til grunn for ulike forslag. Og alle tre er samde om at å få omsetje teori til praksis er den beste måten å lære på.
– I staden for å berre studere kart, fekk vi vere ute i felten og forstå kva denne saka handlar om. Det er ingenting som er betre enn slike dagsturar, slår dei fast.
METODIKKPRESENTASJON FRÅ VEGVESENET. Prosjektleiar Siv Karen Sundgot frå Statens vegvesen føreleste om plangjennomføringa og metodikken dei nyttar seg av i slike saker.
BONDEN BLIR BERØRT. Gardbrukar Oddmund Liaskar greidde ut for studentane om konsekvensane det tilrådde tunellalternativet får for hans heim.
OVERBLIKK. Studentane og førelesarane ovanfor tunnelinnslaget i Morkaåstunellen der dei får overblikk over planområdet på andre sida av dalen.
Alle foto: Kolbein Halkjelsvik