Flott opning av Synnøve Riste-huset

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

316ee6e1c1a93d1cad68aeb816039057a430eab5

e643b1869908b99993893e6ba672e45e62996ace

– Omgivnadene gjer noko med oss, sa dekan Rakel Christina Granaas i opningstalen sin.

–  Vi som er dei første som flyttar inn i huset, har eit slags ansvar for å gje huset sjel.

Synnøve Riste si sjel

Synnøve Riste var ei sterk og aktiv kvinne, oppteken av mellom anna målsaka, stemmerett for kvinner og utdanning. Reidun Aambø, førstelektor i språk og litteratur ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, fortalde om Synnøve Riste ved opninga.

4e0364a330076a52cf42617455425385e2deb9c7


– Dette lyse og moderne bygget har fått namn etter ei kvinne som Bjørnstjerne Bjørnson kalla ”et av de vakreste kvindfolk i Norge.” Men viktigare er det at Synnøve Riste var ei føregangskvinne og eit føredøme for andre i 1880-åra, sa Aambø, og avslutta med Synnøve sine ord frå dagboka hennar, der ho skriv om kulturkampen:

”Eg tykkjer eg er skapt til å vere med i noko stort.”

– Dette mottoet kan gjerne gå vidare til dykk som skal arbeide i Synnøve Riste-huset, helsa Aambø. Les omtalen av Synnøve Riste.d30a5be268ad1eeda188eaa3ba1e2f060aa4117c

Nøkkelseremoni

ab5f6a371bda0bc92889aef5422c22082fb19b8a

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. fekk overrekt nøkkelen frå Statsbygg ved avdelingsdirektør Randi Merethe Rogstad. Kjøde jr. stilte lokala vidare til disposisjon for Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved dekan Rakel Christina Granaas.

Ved opninga hadde Geir Hjorthol frå Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning fanfare og kunstnarlege innslag saman med kollega Erik Fooladi. Etter nøkkelseremonien avslutta Ragnhild Engeset og Stein Helge Solstad med eit flott musikkinnslag på islandsk.

adf08e78e44969e6f36a217a716291e7f7eb357b

e66de7b9b89d020326b0957af4280fdb6c515f90

Det vart også framført helsingar frå ordførarane i Ørsta/Volda kommune og regiondirektør Kjetil Lehn i Statsbygg.

Torunn Skjelland har vore kunstnarleg koordinator for Synnøve Riste-huset.

Les fleire saker om nybygget

Del på