Filmprosjekt mellom musikk- og MID-studentar

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

3d3f0f0ca4ad630fb58c846cda141c3d

Trilogien er eit studentband med base ved Høgskulen i Volda. Dei tre musikkstudentane har forskjellig musikalsk bakgrunn, og lagar norsk eventyrrock.

– Undervegs i arbeidet med musikken, kom vi på ideen om å lage ein kortfilm for å promotere musikk-prosjektet. Vi skreiv ei historie med eventyrleg karakter, og eit musikalsk univers var i ferd med å utvikle seg.

For å filmatisere eventyret, lufta Trilogien forslaget om å lage ein kortfilm for bachelor-studentane ved Medie, IKT og Design: Thomas Marriaga og Stian Raa. Dei vart særs engasjerte av ideen og eit samarbeid vart raskt etablert. Kortfilmen vart bacheloroppgåva til Thomas og Stian.

– Dette samarbeidet viser litt av korleis det fine mangfaldet og samarbeidet på tvers av studielinjer fungerer ved Høgskulen i Volda, fortel gutane.

Del på