Fikk viktig kunnskap før dei skal ut i praksis
I kunnskapsområdet natur, helse og rørsle har studentane på fyrste året heiltid og andre året deltid mellom anna hatt førstehjelp og HLR på timeplanen.
Barnehagen skal gje barn moglegheiter for leik, livsutfalding og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar i trygge og samstundes utfordrande omgjevnadar. Barna skal med andre ord ha moglegheit til å utfalde seg i gode, stimulerande og utfordrande rørslemiljø. Samstundes skal desse miljøa vere ei trygg ramme for aktiviteten. Likevel vil det kunne skje at barn skadar seg i løpet av barnehagetida, og balansen mellom å sikre barn ei optimal utvikling og å unngå alvorlege skader kan vere utfordrande.
Om lag 110 studentar har i tillegg til HLR og sideleie, mellom anna fått innblikk i førstehjelp knytt til sår og småskadar, knokkel brot, hovud- og nakkeskadar, framandlegeme i halsen, feberkrampe, epilepsi, forgifting, stikk og bitt. Sidan studentane snart skal ut i praksis er det ei tryggheit for både studentane og barna at dei har kjennskap til HLR og førstehjelp i tilfelle ulykker.
Tekst og foto: Eli-Karin Sjåstad Åsebø