Eventyrleg opphald i Swansea
Er du student ved Høgskulen i Volda (HVO) har du sikra deg ei opa dør til resten av verda. HVO sender kvart år ut eit stadig aukande tal studentar på utveksling som ein integrert del av utdanninga i Volda. Valet er ditt! Høyr kva Silje Marita fortel om sitt opphald i Wales:
Eventyrleg opphald i Swansea studieåret 2010/2011
Som student på bachelorgraden Media, IKT og Design fekk eg ei stort ynskje om å sjå meir og oppleve meir før eg var ferdig med mine tre raske år som student i Volda. Eg ville ta fag eg ikkje hadde moglegheit til å ta i Volda og få det lille ekstra ut av utdanninga mi. Gjennom økonomisk støtte gjorde Erasmus ordninga det mulig å studere innanfor Europa og samtidig gi meg eit fantasisk år med reiser og mange fine minner.
Eg valte å gå Graphic Design ved Swansea Metropolitan University i Swansea, Storbritannia, og saman var vi fire studentar frå Volda som reiste ut for å oppleve ekte britisk kultur. I utgangspunktet skulle eg berre vere der frå september til jul, men fann raskt ut at det blei altfor lita tid til å gjere alt eg hadde lyst til å oppleve på så kort tid.
Vi var to som studerte Graphic Design saman, og vi hoppa rett inn i andre året sidan vi allereie hadde studert to år her i Volda. Vi hadde spennande fag som Design Technologies; der vi lærte om trykk teknologi første semester og web teknologi andre semester: Desse to emna hadde både teoridel og ein større praktisk del der vi eine semester laga ei brosjyre og etter jul tok vi til med koding av HTML og CSS. Vi hadde også eit eige teorifag, som dessutan var sjølvvalt etter interesseområde. Eg valte Design, Audience and Consumer, og oppdaga ei ny verd av kunsthistorie retta mot grafisk design. Vidare igjen hadde vi eit fag som gjekk ut på merkevarebygging, der vi igjen hadde til saman tre ulike prosjekt: merkevarebygging for kaffihus, korleis selje lykke, og til slutt eit litt større prosjekt der vi fekk i oppdrag å gjere noko ukult til noko kult. Vidare igjen hadde vi Visual Studies, eit fag der meininga var å utforske oss sjølve og prøve ut nye teknikkar vi kanskje til vanleg ikkje ville ha tatt i bruk som grafisk designarar. Her fekk vi også prosjekt, blant anna eit der vi skulle samle inspirasjon, male, klippe/lime og skisse rundt dei tre orda fysikk, kjemi og biologi. Til slutt fekk vi ei oppgåve der vi kunne bruke alt vi hadde samla til å lage ulike produkt. I eit semester hadde vi også faget Professional Studies der vi laga business plan og budsjett for ei bedriftside vi hadde. Her gjekk vi saman med studentar frå grafisk design, illustrasjon og reklame for å få ei gruppe som dekka dei ulike felta. I tillegg var det mpgleg å ta workshops etter skuletid, og vi melde oss på kobbaretsing, og lærte å trykke bilete med kobbarplatar på papir. Samtidig fekk vi lære å framkalle våre eigne filmar av andre medstudentar som gjekk foto.
Eg sit igjen med ei utrulig oppleving etter eit fantastisk år i Swansea. Lærarane hadde tid til å sette seg ned med kvar enkelt og gå igjennom idear og høyrde på deg, dei gav inspirasjon vidare og hjelpte oss når vi satt fast. Swansea Metropolitan University har tre ulike campus, dei estetiske faga var samla på et campus aleine nært sentrum. Biblioteket var dermed fylt med bøker innanfor kunst og estetiske fag og gangane var fylt med utstillingar av studentarbeid. Som grafisk design student i Swansea hadde vi full veke med undervisning og fem fag delt over de fem vekedagane, kvart einaste fag hadde ei oppgåve pågåande. For kvar veke var det venta at vi skulle møte og legge fram vår framgang i dei ulike oppgåvene.
Men studiet handla ikkje berre om å skape fine ting med digitale verktøy, vi analyserte og diskuterte samfunnet rundt oss og skrev oppgåver retta mot eigne interesse område. Etter et år med alle desse spennande faga og samtalar med teori læraren vår, veit eg no for sikkert kva eg vil skriva om i bachelor oppgåva mi."
Vil DU dra ut? Ta kontakt med Internasjonalt kontor - Cecilie Wilhelmsen - [email protected] - tlf. 70075120