Elevar på omvising på medieutdanningane

Tekst: Webmaster Volda

Elevane var først på Animation Volda og fekk eit innblikk i animasjonsmiljøet. På høgskulen fekk dei ei omvising på Seksjon for medie- og kommunikasjonsteknologi og utdanninga Media, IKT og Design av høgskulelærar Torbjørn Frantsen. Detetter blei dei vist rundt på utdanningane på Avdeling for mediefag som tilbyr animasjonsutdanning, journalistutdanning og utdanning innan PR, kommunikasjon og media. 

e02f176cae91ce50dcc9e350fa1008ce
Kontorsjef på Avdeling for Mediefag Ingvar Elgesem tok studentane med innom animasjonsutdanninga der ein 1.års student jobba med ein teikneserie. 

Animasjonsutdanninga føreset at ein er kreativ og har interesse for formgiving og visuelle medium, og har særskilte opptakskrav. 

fbc3da49cb37944f845112a9ee3aace9
journalistutdanninga var elevane innom dei tre spesialiseringane: avis, TV og radio. 

Som journaliststudent på høgskulen vel ein spesialisering innanfor avis, TV eller radio. Det er også mogeleg å ha fleire spesialiseringar. Uansett kva retning ein vel er det fokus på digital publisering. Det blir lagt stor vekt på praksis, og at studentane skal kunne tre rett inn i ein redaksjon når dei er ferdig utdanna. 


80bd62e3fc3b8045a825837e37ffaf2a
PR, kommunikasjon og mediautdanninga viste Høgskulelektor Kristian Fuglseth eksempel på kva arbeidsoppgåver ein informasjonsarbeidar kan ha.

─ Forskjellen på ein journalist og ein informasjonsarbeidar er hovudsakleg at informasjonsarbeidaren har ein klar arbeidsgjevar, medan journalisten står fritt. Vi har PR-studentar som blir journalistar og journalistsutdentar som blir informasjonsarbeidarar, sa høgskulelektor Kristian Fuglseth. 

Del på