Eksamen i musikk på Rust i Ørsta

Øyvind Krøvel avsluttar no bachelorgradsstudiet i musikk med eksamenskonsert på Rust Club & Scene tysdag 19. mai. Konserten har namnet ”Musikk for Natur” og skal ta publikum med på ei reise gjennom ulike naturlandskap.

0366818b2c2498c44bc6107e886feab6640aa184

Øyvind har med seg Stig Ulv på gitar og Torgrim Skjerdal på synth og beats og spelar sjølv trompet og flygelhorn.

Ein vil mellom anna få høyre låtar frå Pat Metheny og Ole Edvard Antonsen og gjennom improvisasjon, lyd- og lyseffektar vil publikum få moglegheita til å skape assosiasjonar til naturen.

Dørene opnar kl 20.00.
Pris kr. 30,-. Open bar

Les meir om eksamenskonsertane


Del på: