Den maritime klyngja i media
I VRI-prosjektet "Den maritime klyngja i media" har Jens Standal Groven teke føre seg korleis norske aviser har dekt den maritime klynja dei siste seks åra.
Last ned rapporten her
– Gjennom denne perioden har næringa gått gjennom ei sterk oppgangstid, vore innom ei finanskrise og er no ei svært spennande fase. Det er interessant å vise korleis dette, og andre saker om klyngja, kjem fram og blir omtala i media, forklarar han.
Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Norwegian Center of Expertise Maritime (NCE) i Ålesund og VRI Møre og Romsdal.
VRI står for verkemidlar for regional innovasjon, og er prosjekt som skal stimulere til forskingssamarbeid med maritim næring.
Kva styrer dagsorden for den maritime klyngja?
– Dei maritime næringane på Sunnmøre har utfordringar som kjem til uttrykk på ulike måtar i media. Slik styrer ofte media dagsorden ikkje berre mot myndigheiter og investorar, men også mot framtidig arbeidskraft og den rekrutteringa som desse næringane er avhengige av .
– Generelt kan ein seie at media er svært opptekne den økonomiske situasjonen for verksemdene i den maritime klyngja. Dette gjeld særleg nasjonale media.
- Sunnmørsposten og dei store nasjonale avisene har noko ulik dekning. Det er klart at Sunnmørsposten har meir variert stoff om dei maritime næringane. Det er og tydeleg at dette er eit viktig område for ei regionavis, det er nærmast ein del av samfunnsoppdraget å dekke ei så stor og viktig lokal næringsklynge, seier Standal Groven.
Standal Groven presenterte dei viktigaste spørsmåla og funna sine under den årlege septemberkonferansen for den maritime næringa: Status og vegen vidare.
Studentane er med i forskingsprosjektet
– Fjorårets avgangsstudentar ved Bachelorgraden i PR, kommunikasjon og media i Volda har vore tett involvert i fleire av VRI-prosjekta mot den maritime klyngja. I dette prosjektet om mediedekning har studentane handsama om lag 2000 artiklar og laga presentasjonen av dei nasjonale tala. Det var fem studentar som gjorde ein kjempeinnsats med dette gjennom si prosjektperiode, seier Groven.
Sjå eiga nyheitssak om Studentprosjekt på oppdrag frå maritim bransje