Dei nye studentrepresentantane i Høgskulestyret
– Det har aldri før vore så mange nominerte studentar til Høgskulestyret, og heller ikkje så mange som har førehandsstemt og stemt på sjølve valdagen. Det var meir enn 130 studentar som stemte, så det vart trekt ut ein lukkeleg vinnar av ein iPad, seier leiar i valstyret, Per Johan Ramsli. Han synest dette er svært positivt og saman med valstyret, gratulerer han dei valte studentrepresentantane og ønskjer dei lukke til i Høgskulestyret.
På førehand av valet, blei kvar nominert spurt om kva dei dei ville gjere, om dei blei valt som studentrepresentant i Høgskulestyret. Dei svarte slik:
| Kristian Fredheim Alder: 23 år Studerer: Pr, kommunikasjon og media, 3. året Om jeg blir valt til høgskulestyret, vil jeg; Stille 100 prosent forberedt til alle møter, ha en klar mening i hver enkelt sak og representere studentene på en saklig og ryddig måte. Hvorfor skal DU stemme på meg? Som studentrepresentant vil jeg ikke kun delta, men bidra i den store sammenhengen. Studentenes stemme skal bli hørt, og jeg sier min mening klart og tydelig. Jeg har i tillegg erfaring og kjennskap til høgskolens oppbygning og struktur gjennom min tidligere rolle som leder for Studenttinget, og dermed har jeg et godt utgangspunkt for å ta fatt på oppgavene jeg vil møte som studentrepresentant.
|
| Jo Fredrik Øiamo Alder: 24 år Studerer: Grunnskulelærar 1 – 7. Interesser: Musikk Om eg blir valt til høgskulestyret, vil eg; Arbeide for ein enda betre kommunikasjon mellom både lærar og student – så vel som administrasjon og lærarstand. Det ligg noko i det forfattaren og diktaren Kolbein Falkeid sa: ”Dei pratar samen. Men orda går kvar sin veg.” Kvifor skal DU stemme på meg?¨ Eg har tidligare erfaring Studenttinget i Volda (STiV). Dette gjev meg ein plattform som eg kan nytte meg av vidare i Høgskulestyret. Eg vektlegg tydelegheit, saklegheit og det å få fram så mange perspektiv ved ein sak som mogleg - difor er eg egna som representant i Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda.
|
| Joanna Antoniak Alder: 19 år Studerer: Grunnskulelærar 5 – 10, 1. året. Interesser: Lese, spele piano, delta i diskusjonar og debatt. Hva vil jeg gjøre om jeg blir studentrepresentant i høgskolestyret? Eg vil først og fremst vere open for idéar frå mine medstudentar om ting som kan betrast på Høgskulen. Ellers, fleire lesersal tilgjengeleg for studentar i eksamensperioder og billigare kantine er dei hovudtinga eg vil kjempe for om eg blir valt. Hvorfor skal DU stemme på meg? Eg vil nå ut til kvar enkel student og gjer student-kvardagen betre for oss alle.
|
| Tuva Ruth Bjordal Studerer: Pr, kommunikasjon og media, 1. året |