Datoen for den beste veka i år er klar!
Veka 2009 blir 23. oktober til 1. november. – Veka i år skal vere inkluderande. Vi vil at alle skal føle seg velkomne under Veka. Det blir så moro at ein kan gle seg allereie no, lovar vekaleiar Sara Hatab.
Konsertprogrammet er enno ikkje klart, men ein ting er sikkert: – Det blir bra. Det kan eg love, seier Hatab. Ho går så langt at ho seier at veka i år blir den beste av alle veker arrangert sidan den første i 1985.
Den energiske Surferosa fenga Volda-studentane under Veka i fjor (Foto: Veka/Info).
Engasjement
Av fleire tusen studentar har sju personar tatt på seg å arrangere veka. – Styret er usannsynlig engasjerte. Difor kan eg allereie seie at Veka 2009 blir ei veke ein seint, eller eventuelt aldri gløymer, seier Hatab.
Inkluderande
Veka i år skal vere inkluderande. – Vi vil at alle skal føle seg velkomne under Veka. Ikkje berre studentane, seier Hatab.
For å arrangere veka er ein avhengig av mange. – Det er takka vere lokalsamfunnet at Veka har overlevd i så mange år. I tillegg til frivillige studentar, sjølvsagt. Vi håper like mange, og kanskje fleire, vil engasjere seg i år.
Tekst og foto: Eirin Aardal, PR-ansvarleg for Veka 2009, e-post: [email protected]