The Clinton Experience på Rust fredag
Stephen Darren Dougherty frå West Virginia har slått seg ned i Volda og skriv låtar, spelar gitar og syng i The Clinton Experience.
Bandet vart starta hausten 2008. Stephen Dougherty, Hans Førde og Robert Steinnes starta opp som ein trio og etter to månader vart Klaus Blø med.
Etter ei tid med mykje øving vann bandet Studenthuset Rokken sin årlege bandstand i konkurranse med 8 andre band.
Sidan dette har The Clinton Experience farta land og strand og spelt konsertar på både små og store scener.
Bandet spelar kun eigenprodusert materiale inspirert av rock, powerpop, garage, grunge, jazz, reggae, blues og funk. Saman med seg denne kvelden har dei bandet Eskimo som óg spelar eigenprodusert musikk.