Cecilie Wilhelmsen valt til ”Rådgivende faggruppe” ved SIU
Kjelde: www.siu.no
Cecilie Wilhelmsen, leiar for Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda
Faggruppa skal gje råd til SIU i det strategiske arbeidet innan profilering av norsk høgre utdanning og forsking.
Gruppa består av fire representantar frå UH-området (derav ein frå dei private høgskulane), ein representant frå Norges Forskningsråd (NFR), ein representant frå Norsk Studentorganisasjon (NSO) og ein representant frå høvesvis Kunnskapsdepartementet (KD) og Utenriksdepartementet (UD). Medlemmane vert oppnemnt etter forslag frå UHR, NPH, NFR, NSO, KD og UD. SIU har 2 representantar i faggruppa og fungerar som sekretariat. Funksjonsperioden er 2 år.
Rådgivande faggruppe for profilering av norsk høgre utdanning og forsking består i 2011-2013 av:
- Seniorrådgivar Tone Flood Strøm, Universitets- og høyskoleavdelingen, Kunnskapsdepartementet
- Seniorrådgivar Christian Hansson, Seksjon for Norgesprofilering, Omdømme og Web, Utenriksdepartementet
- Astri Andresen, viserektor for internasjonale relasjoner, Universitetet i Bergen, Universitets- og Høgskolerådet (UHR)
- Cecilie Wilhelmsen, leder av Internasjonalt kontor, Høgskulen i Volda, Universitets- og Høgskolerådet (UHR)
- Feite Van Dijk, prosjektleder v/Internasjonalt kontor, Handelshøyskolen BI
- Ina Tandberg, student Norsk Studentorganisasjon (NSO)
- Ann Elin B. Andersen, informasjonsrådgiver, Universitets- og Høgskolerådet (UHR)
- Bjørn Tore Kjellemo, direktør for Avdeling for utvikling og samarbeid, Norges forskningsråd