Brukte stemmeretten og vann iPad

Tekst: Webmaster Volda

3ef879cc3abb69b7fe6b6d095839dccb
Ragnhild Hope Birkeland saman med leiar i valstyret Mona-Cesilie Andersen og høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. 

– Det er viktig å bruke stemmeretten, for dei som blir valt inn i styret skal tale studentane si sak, seier Birkeland.

For første gong var det i år elektonisk val av studentrepresentantar.

– Det var veldig lettvint å stemme, og ein trengde ikkje komme til Berte Kanutte-huset for å gjere det, seier Birkeland.  

Dei nye studentrepresentantane for 2014/2015 er Pernille Solvang og Tormod Daae Smedsvig. 

Del på