Bruk av musikk i demensomsorga
Frode Aass Kristiansen har vore prosjektleiar for GERIA som har utvikla filmen «Gyldne øyeblikk», medan Eva Årseth har ei sentral rolle i den. Etter visning av filmen vil Frode snakke om kvifor musikk og andre miljøtiltak kan bidra til ein betre kvardag for eldre. Eva vil snakke om korleis ein kan legge til rette for dette, med erfaring frå si dagavdeling. Forankring i leiinga er eit viktig stikkord. Øystein Salhus, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og musikkterapeut, vil oppsummere dagen, og saman med Anne-Sofie Egset informere om musikkterapi-prosjekt ved Høgskulen i Volda.
Bruk av musikk til eldre kan stimulere til sosial kontakt, gi tilgang til ressursar og hente fram positive minne. Mange studiar har vist at musikkterapi kan føre til reduksjon av agitasjon og uro og angst og depresjon. Det handlar om å skape gyldne augneblink.