Barnehagekonferansen 2011 med deltakarrekord
Frå Høgskulen i Volda er studieleiar og praksiskoordinator for førskulelærarutdanninga, Elisabeth Welle og Hanne Elin Harnes, med i program- og arrangementskommitèen. I år hadde Utdanningsforbundet hovudansvar for det tekniske arrangementet, medan Høgskulen skal ha ansvaret dei to neste åra.
Per Halse, rektor ved Høgskulen i Volda
Barnehagekonferansen har sidan starten i 2003 utvikla seg til å bli ein svært viktig møteplass for alle med interesse for barnehagesektoren, og det store talet påmelde viser den posisjonen konferansen har fått.
Makt og avmakt var tittelen på årets konferanse. Mykje skjer i barnehagesektoren, og mange, i og utanfor sektoren, har sterke meiningar om innhaldet i barnehagen og førskulelæraren sine oppgåver.
Føredragshaldarar med solid faglig tyngde tok deltakarane inn i viktige tema der gjennomgangsspørsmåla var: Kven har makt til å definere framtidas barnehage? Kven deltek og kven er premissleverandørar i debatten?
Brit Nordbrønd, høgskulelektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus
Hovudinnlegga var ved «Barnehageinspirator 2011» Brit Nordbrønd som er høgskulelektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og pedagogisk leiar i Liane barnehage i Porsgrunn, Mona Nicolaysen. Høgskulen i Volda var godt representerte på programmet. Rektor Per Halse opna konferansen, og førstelektor Bente Vatne fortalde om funn i forskinga si. Førsteamanuensis Gunnar Stave (Møreforsking) er som mange veit leiar for det nasjonale utvalet som er i gang med å lage ny rammeplan for førskulelærarutdanninga, og han orienterte om arbeidet. Utdanningsforbundet var representert ved sin engasjerte leiar Mimi Bjerkestrand. Leiar for Barnehagelovutvalet, Kjell Erik Øye, informerte om arbeidet med den nye Barnehagelova.
Konferansen blei avslutta med paneldebatt om spørsmålet: Kven har makt til å utforme framtidas barnehage? Debatten blei leia av førskulelærar, journalist og forfattar John Roald Pettersen.
I panelet (fv): Utdanningsdirektør Fylkesmannen i Møre og Romsdal Alv Walgermo, Brit Nordbrønd, Kjell Erik Øye, Mimi Bjerkestrand, Gunnar Stave og Mona Nicolaysen
Føredragshaldarar:
- Brit Nordbrønd, høgskolelektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus:
«Dominerende diskurser i barnehagepolitikken?»
- Gro Toft Ødegård: «Bare Barnehage? Om barnehagemyndighetens posisjon, rolle og makt i kommunene.»
- Bente Vatne, førstelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda: «Pedagogiske leiarar og assistentar si vektlegging av innhaldet i barnehagen i lys av auka politisk fokus.» Resultat frå MAFAL-studien ved HVO.
- Mona Nicolaysen, pedagogisk leiar ved Liane barnehage: «Definisjonsmakt og læring i barnehagen.»
- Gunnar Stave, førsteamanuensis og leiar for Rammeplanutvalget i førskolelærerutdanninga: «Ny rammeplan for førskolelærerutdanninga.»
- Kjell Erik Øye, leiar for Barnehagelovutvalet: «Styring av barnehagesektoren i fremtiden»
- Mimi Bjerkestrand, leiar i Utdanningsforbundet: «Blir makt mindre når den deles?»
På Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal sine heimesider blir presentasjonane frå konferansen lagt ut etter kvart.