Badar som ekte vikingar
Animasjonsstudentane Johannes Hildre Spilling og Thor Christian Engdal vinkar til ferja i Voldafjorden.
- Det heile starta med at vi i starten av hausten var ein gjeng som møttest og hadde det moro utover kveldane. No er det berre meg og Thor Christian som prøvar å tvihalde på sommaren, seier Johannes Hildre Spilling i eit intervju med journalistar frå Nærnett.
Spilling fortel også at dei under årets animasjonsfilmfestival hadde besøk frå Tsjekkia, England og USA, og då inviterte dei like gjerne dei tilreisande til å vere med på den friske badeutflukten.
- Vi er kalde akkurat no, innrømmer dei spreke animasjonsstudentane, men vi føler oss herlige.
Sjå video av dei hardbarka badenymfene på Nærnett sine sider