Bachelorutstilling i kunst og handverk
TYSDAG 3. JUNI OG ONSDAG 4. JUNI KL. 18-20
STAD: DEN NYE DELEN AV KAARSTAD-HUSET,
INNGANG NORD (mot Kårstadvegen) OG AUST (mot sjukehuset)
Studentane har arbeidd med sjølvvalt tema og materialområde i eit halvt år, og dei er til saman 20 i talet.
Arbeida syner stor breidde. Du får mellom anna sjå skulpturar ikeramikk, papir og glas, måleri, grafikk, smykke i tre og metall, funksjonell design i strikking og toving, saum, foto, teikneserie, teikning – og meir. I gangen utanfor verkstaden har også emne Tre og tradisjonsarbeid stilt ut knivar, koppar og sveip. Velkomen!
Her kan du lese om tidlegare utstillingar og underfundige hønekrokiprosjekt som bachelorstudentane har hatt!
Avdeling for kulturfag tilbyr to 3-årige utdanningsløp i kunst og handverk, bachelor og faglærarutdanning.
Tekst: Fanny Holmin