Aukande behov for spesialpedagogisk kompetanse

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Kompetanse innanfor spesialpedagogikk er viktig både for å vidareutvikle spesialundervisninga og for å utvikle betre tilpassa opplæring for alle i vanleg undervisning. Mastergradsstudiet gir studentane brei praktisk og teoretisk kunnskap om og kjennskap til verksemda i barnehage og skule.

 - Eg har alltid vore oppteken av korleis ein kan leggje til rette og tilpasse opplæringa for alle dei ulike elevane ein møter i ei klasse, og har sett utfordringane i praksis gjennom arbeid i skulen på ulike klassetrinn, seier Rebekka Wilhelmsen Solheim. Til dagleg arbeider ho som spesialpedagogisk rådgjevar ved PPT.

5b7e3ed4f6ea3e50ce0b53ae0f3d2d77ef1f05d6

Rebekka var fulltidsstudent over to år og ser tilbake på ei tid med faglege diskusjonar og eit godt studiemiljø. (Foto: Iris Engen Skadal)


Tverrfagleg innhald

Mastergradsstudiet gir innsikt i sentrale kunnskapsområde, særleg i spenningsfeltet mellom generell pedagogikk og spesialpedagogikk. Studiet førebur studentane på å arbeide i ein inkluderande barnehage og skule. Ei særleg oppgåve er å ta vare på interessene til barn og unge med spesielle behov for hjelp og støtte. Studiet kan gjennomførast som heiltids- eller deltidsutdanning, og inneheld sju emne.

- Studiet passa godt til mine interesser. Eg hadde høyrt mykje positivt om utdanninga, og opplegget femna om fleire fagområde. Det at studiet er variert, var avgjerande for at eg valde nettopp Volda som studiestad.

Du finn meir informasjon om Mastergradsstudiet i spesielpedagogikk i studieplanen.

Fleire relevante artiklar:

Verdifull kunnskap for arbeidslivet

Mastergradsstudent tek i bruk høgskuleforsking

God rettleiing og oppfølging - ein nøkkel til suksess

Del på