Arrangerer gratis Twitter-kurs
Kurset "Lær deg å tvitre" blir haldt av bloggaren og fastlegen Jørn Kippersund som blant anna har publisert innføringa "Twitter for nybegynnarar".
Kurset er eit hands-on kurs der du lærer alt du treng for å ha nytte av Twitter, og også korleis du unngår fallgruver. Det er ikkje nødvendig med nokon forkunnskapar før kurset.
Tid: Torsdag 25. oktober klokka 17.00.
Stad: Vesle auditorium
Kurset er gratis og ope for alle som er interesserte. Dei oppmøtte får enkel servering under kurset.
Vel møtt!