Årets TV-aksjon til Amnesty treng bøsseberarar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Slagordet for årets kampanje er STÅ OPP MOT URETT.

Pengane skal gå til å aksjonere for dei mange som vert fengsla for å ha brukt ytringsfridomem sin. Ein skal vidare arbeide for å stoppe diskriminering av kvinner og minoritetar, arbeide for rettferd for offer for overgrep frå multinasjonale selskap, krevje rettferd etter krig og konflikt, og jobbe for rettferdige rettssystem i midt-Austen og i Nord-Afrika.

– Håpet er at vi har nok bøsseberarar i god tid, helst ei veke før aksjonen, og vi ynskjer helst at bøsseberarar nyttar det sentrale systemet for påmelding, fortel student Hans Olav Myskja.

41c57cc49ee1aa6a0622e70a28ab0330434d41a2
TRENG BØSSEBERARAR:
Studentgruppa for Amnesty oppmodar folk om å melde seg som bøsseberarar til årets TV-aksjon. (FOTO: NRK)

Dersom du ønskjer å melde deg, kan du gjere det på fleire måtar:
Telefon: 
ring02025
SMS: send ein sms til 2080
Internett: gå til nettsidenewww.blimed.no.  

Heile veka før aksjonsdagen vil det vere mogeleg å kome på frivilligsentralen og hente bøsse og få ei rode. I bygdene vil eigne rodeleiarar skaffe bøsseberarar og fordele rodene.
Følg med i avisene og på fjernsyn, det er mindre enn to veker att.

Del på