Årets «Søk-korps» er på plass for å svare på spørsmåla dine

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

45a489dc79fa2a3b5cca0fcc2655e1793e59dbc1

Foto: Sunniva Selena Bolseth

I år er Ane Thea Galaasen, Haakon Stensrud og Karoline Stokke på plass for å gjere det dei kan for å hjelpe deg. Dei tre studentrettleiarane har vore studentar i fleire år, anten ved Høgskulen i Volda eller ved høgskular og universitet i andre delar av landet.

Ane Thea har fullført ein bachelorgrad i journalistikk og skal byrje på ein mastergrad i Bergen til hausten. Haakon studerer PR, kommunikasjon og media, medan Karoline har gått eit år skuleretta samfunnsfag ved Høgskulen i Volda. Ho går no på Grunnskulelærarutdanning 5. – 10. ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Alle har god kjennskap til både bygda og studiestaden.

– Dersom vi får spørsmål som vi ikkje kan svare på der og då, tek vi kontakt med søkjaren straks vi har funne svaret, seier Haakon Stensrud.

Studentane er tilgjengelege heile sommaren og dei har kontortid frå kl. 09.00 – 15.30.

– Ikkje nøl med å ta kontakt, seier Karoline Stokke. Søkjarar og andre skal kunne kontakte oss med alle typar spørsmål. Vi er òg studentar og har sannsynlegvis hatt mange av dei same spørsmåla.

Kontakt Søk-korpset via:
Telefon: 70 05 48 00

(Frå måndag til fredag 09.00-15.30)

E-post: [email protected]

Fram mot studiestart finn du også mykje nyttig informasjon på www.hivolda.no/studiestart. Vi har samla alt du treng å vite på ein stad med hjelpesider, kart, informasjon om campus, kontaktpersonar, rettleiing og rådgjeving, praktisk informasjon relatert til kvart studium, ofte stilte spørsmål, nyttige lenkjer og så bortetter.

Del på