Allmøte om framtidig struktur i UH-sektoren

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

c728d18be5e93930ef20ec72466b1c77
Det var stort oppmøte på allmøtet på høgskulen 18.august.  Høyr innleiinga til rektor Per Halse her: del 1 og del 2.

I mai sende Kunnskapsdepartementet ut eit brev til alle statlege høgare utdanningsinstitusjonar om framtidig struktur i universitets- og høgskulesektoren. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen bad kvar institusjon om å vurdere korleis dei ser sin plass i ein sektor med færre institusjonar. 
 

SAKS

Bakgrunnen for oppdragsbrevet er at KD meiner å sjå ein del alvorlege kvalitetsproblem ved ein del institusjonar og utdanningar. Nokre har problem med å tiltrekke seg fagfolk og studentar, har få studentar på campus og uteksaminerer få kandidatar. Det blir forska og publisert lite, og evna til å hente ekstern finansiering er avgrensa. Det er likevel mange gode fagmiljø og aktivitetsveksten har vore stor dei siste åra. Med grunnlag i Tilstandsrapporten stiller KD spørsmål om dagens struktur er tilpassa ambisjonane om at Noreg skal vere ein leiande kunnskapsnasjon.

Kunnskapsdepartementet nyttar SAKS (Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon og Samanslåing) som nemning på utfordringane dei ser i UH-sektoren. Ein sentral del av oppdraget institusjonane har fått er å svare på fylgjande spørsmål:

«Hvordan kan institusjonen styrkes gjennom sammenslåing med en annen eller flere andre institusjoner, eller hvordan kan institusjonen bidra til å løfte kvaliteten på utdanning og forskning ved andre institusjoner gjennom sammenslåing?»                                                                                                                  

Strategisk profil

Innspela frå institusjonane skal gje ei skildring av ønska strategisk posisjon i 2020. Dette inkluderer faglege prioriteringar, konkrete ambisjonar innan kjerneoppgåvene utdanning, forsking og kunnskapsdeling og viktige målgrupper og partnarar. Vidare skal dei gje ei kritisk vurdering av eigne føresetnadar for å realisere strategisk profil innan gjeldande budsjettrammer. Dei skal også innehalde vurdering og konkretisering av tiltak som fremjar samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing. Samt identifisering av naudsynte endringar i rammebetingelsar som ikkje angår budsjett.

Ved HVO har saka vore førebudd til eit ekstra styremøte 22. august. Til det høyrer eit notat på ei side om status i arbeidet og om kva strukturendringar høgskulen vil diskutere i eit dialogmøte som departementet har kalla inn til i september. I utkastet til notatet til KD står det at den strategiske profilen til Høgskulen i Volda fram mot 2020 førebels kan formulerast slik:  

«HVO er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal- med fag- og profesjonsutdanningar på bachelor- master- og PhD-nivå.

Utover den regionale rolla skal høgskulen vere nasjonalt leiande på yrkesretta medieutdanning og nynorsk i utdanning, forsking og formidling.»

Nytt i denne strategien er ønsket om å ta eit nasjonalt ansvar for nynorsk i opplæring og utdanning. 
 

Styrker og utfordringar

Kunnskapsministeren ber institusjonane vurdere eigne styrker og svakheiter. Rektor Per Halse dreg fram at Høgskulen i Volda har ein portefølje som dekkjer sentrale samfunnsbehov og har best gjennomføring på bachelorgrader og lærarutdanningar. Vidare er høgskulen god på fleksible og distanseovergripande studium, på topp i utveksling og kostnadseffektiv. HVO har ein høgt kvalifisert stab og akkreditering for PhD i helse og sosial i lag med Høgskulen i Molde. Vidare stor breidde i praktiske og estetiske fag. Eit godt studentmiljø og godt omdøme.

På den andre sida har høgskulen relativt få søkjarar per studieplass og karaktersnitt ved opptak har gått noko ned. Det er få studietilbod på engelsk, nokre utdanningstilbod med få studentar og for dårleg gjennomføring på masterstudia. Det er lite tilslag på søknader om forskingsmidlar og uutnytta potensial i BOA. 
 

Aktuelle scenario

Slik leiinga ser det no er det først og fremst to aktuelle scenario for ny struktur. Det eine er «Vestlandsuniversitetet» som inneber ei vidareutvikling av noverande UH-nett Vest til meir forpliktande samarbeid – og gjerne ei utviding som inkluderer høgskulane i Ålesund og Molde. I saksdokumenta til møte i Høgskulestyre 22.august står det:

«Ulike alternativ bør vurderast for organisering- til dømes ein slags «føretaksmodell» der styret for den nye eininga får overført avgjerdsmynde på viktige område frå dei enkelte institusjonstyra og frå sentrale organ som NOKUT og KD.»

Det andre er «Fjordhøgskulen» på Nordvestlandet med ein konstellasjon av Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskulen i Volda eller Høgskulen i Sogn og Fjordane og alle høgskulane i Møre og Romsdal.

«HVO og HiSF er relativt like institusjonar som saman vil kunne vidareutvikle og styrke sentrale humanistiske og samfunnsvitskaplege fagmiljø- og slik sikre dei viktige lærar- og sosialarbeidarutdanningane i regionen. Fagmiljøa og utdanningstilboda i Molde og Ålesund er komplimentære i forhold til Volda, men dei har sentrale fag like med Sogn og Fjordane.» 
 

Tidsplan framover

27.august skal notatet sendast til Kunnskapsdepartementet. 1. og 2. sept er det styremøte i UH-nett-Vest i Sogndal. 17. september vert det møte med departementet i lag med andre institusjonar i Midt-Noreg. Departementet har i alt fem slike regionale dialogmøte i september. 25. september vert det høgskulestyremøte der det mellom anna er lagt opp til å vedta ny strategiplan. 28. og 29. oktober er det nytt HVO-styreseminar. 31. oktober er fristen for dei endeleg innspela til KD. Våren 2015 vil departementet legge fram ei stortingsmelding om struktur i høgare utdanning.
 

Del på