580 elevar på Utdanningsdagar
Høgskulen i Volda (HVO) har i samarbeid med Møre og Romsdal fylke, dei vidaregåande skulane og grunnskulane på Søre Sunnmøre oppretta ein partnarskap for utdannings- og yrkesrettleiing.
Samarbeidet har sitt utspring i det såkalla Karriereprosjektet initiert av Møre og Romsdal fylke. Her har sentrale målsettingar vore å hjelpe elevane i grunnskulen til å ta meir medvitne val med omsyn til utdanning og karriere. HVO og interessentane i partnarskapen har dei to siste åra arrangert Karrieredagar i Volda for denne målgruppa.
Utdanningsdagane 2010
Nytt i 2010 er at partane i dette strategisk viktige samarbeidet har ønska å gå saman om ein Utdanningsdag for ei anna målgruppe, nemleg elevane ved dei fire vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre (Herøy, Ulstein, Ørsta og Volda).
Stort behov for arbeidskraft i regionen
- Vi veit frå forsking at Møre og Romsdal har eit stort behov for arbeidskraft i åra framover. Vi ønskjer å vise ungdommen i Møre og Romsdal kva denne regionen har å by på når det gjeld utdanningsvegar og karriere, seier prosjektleiar Bech til NRK Møre og Romsdal (sjå lenke til intervjuet nederst på sida).
Rektor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam, hadde eit innlegg om situasjonen innan utdanning og yrke i Møre og Romsdal. Han gjekk mellom anna inn på at Møre og Romsdal treng 300 nye grunnskulelærarar i åra framover. Innlegget frå Jørgen Amdam
Rektorar i samtale om utdanning og behovet for arbeidskraft i Møre og Romsdal. Frå venstre: Trond Hjelseth (Volda vidaregåande skule), Margareth Alme (Ulstein vidaregåande skule), prorektor Anne Øie og rektor Jørgen Amdam.
Tre høgskular - mange muligheiter
Høgskulane i Molde og Ålesund var også representerte på Utdanningsdagane i Volda. Til saman tilbyr dei tre høgskulane i fylket eit stort utval av yrkesutdanningar innan undervisning, sosialfag, media, kulturfag, sjukepleie, logistikk, økonomi, samfunnsfag, ingeniørfag, fiskerifag m.m.
Elevar frå Ulstein vidaregåande skule under lunsjen i kantina på Berte Kanutte-huset. Frå venstre: Silje, Regina, Margrete, Marte og Josefine. Dei synest alle at Utdanningsdagane er eit godt og nyttig tiltak.
Per Bjarte Solibakke inspirerte elevane med innlegget sitt om utdanningstilboda ved Høgskulen i Molde.
Dei tilreisande fekk gratis lunsj i kantina i Berte Kanutte-huset.
Høyr innslag på NRK Møre og Romsdal.